Språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes

Om arrangementet

Under parolen språk er sjov, gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historiar. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein hyggeleg og eksamensfri atmosfære!

Pianist Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag. Det handlar om mysteriet skarre-r, om kvifor det er akkurat høna me plukkar med kvarandre, om Kjartan Fløgstad sine språkblomar, om kjerringa med staven, om den fyrste song, og om kvifor me ikkje lenger kallar ein spade for ein spade, med meir og etcetera!

Forestillingen avholdes utendørs ved Prestegardslåven i Vardal.